Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kommentar.

Med fridom til å dekkje seg til


ILLUSTRASJON: KAMILLA ANDERSEN

Regjeringa har no fatta ei klok avgjersle om framleis å godta bruk av burka og niqab i offentlege rom.

Tekst: ALICE TEGLE

FREDAG SIST VEKE var det klart. Siv Jensen og Framstegspartiet sitt forslag om å forby bruk av burka og niqab i offentlege rom, samt å nekte dei tildekte tilgang til offentlege tenester frå til dømes NAV, blei vurdert som eit brot på menneskerettane. Justisminister Knut Storberget og regjeringa frontar dermed ein burkapolitikk stikk i strid med trenden i Europa forøvrig. Ifølgje justisdepartementet si lovavdeling kan eit forbod verken forsvarast med omsynet til offentleg tryggleik, orden, helse og moral, eller med omsyn til å verne om andres rettar og fridom.

PROBLEMET ER NEMLEG ikkje dei ekstra centimetera med stoff som dekkjer kropp og ansikt. Kvinna sin rett til sjølv å velje forsvinn dersom ho blir tvungen til å gå med burka og niqab. Det same gjeld eit eventuelt forbod mot å bruke burka. For nokon er det heildekkjande plagget eit skjold mot vestleg påverknad, uønska seksuell merksemd og ein tryggleik, det representerer det vante.

UTE AV SYNE, ute av sinn, men vi risikerer at problemet eskalerer med eit forbud. I familiar der heildekkjande blir brukt som eit middel for undertrykking av kvinna, har kanskje den heildekkjande drakta vore billetten til omverda. Med burkaforbod i det offentlege rom, risikerer vi at kvinnene blir nekta å gå utandørs. Integrering blir vanskelegare, og kjensla av å vere fange i eigen kropp endå sterkare.

DESSE KVINNENE TRENG først og fremst å bli sett og forstått, både av ektemenn, styresmakter og menneska rundt dei. For å forstå må vi lytte før vi gir råd, forstå før vi lagar forbod og restriksjonar. Vi må få desse kvinnene og mennene deira på banen og skape ein arena for konstruktiv debatt. I mange tilfelle vil dette vere vanskeleg, men ein veg å starte er gjennom offentlege tenester. Det startar med språkopplæring, dernest kjem utdanning og arbeid, som igjen gjer det lettare og meir naturleg å delta i samfunnsdebatten. Eit utopisk ønske kanskje, men det er noko å strekkje seg etter. Fleire metodar må prøvast ut. Så medan store delar av Europa no gjer seg klar til å strippe offentlege rom for overflødig stoff, må vi følgje med på prosessen der.

DEN FRANSKE REGJERINGA vil før sommaren føreslå eit forbod mot heildekkjande plagg i offentleg rom. Frankrike har frå før forbud mot religiøse symbol på skular. Belgia og Nederland har generelt forbud mot niqab og burka i enkelte kommunar. Også i Italia er det føreslått eit generelt forbod. Over halvparten av innbyggjarane i fem av Europas største land ønskjer forbod mot burka, ifølgje ei fersk måling frå Harris-instituttet, publisert i Financial Times.

DERSOM DET LIKEVEL kan påvisast positive resultat av forbodet, må vi vere villige å lovfeste liknande i Noreg òg, men fokuset må vere på integrering, og det startar med oss.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR