Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Meir pensum på nynorsk


Tekst: HÅVARD B. ØVREGÅRD (LEIAR, NOREGS MÅLLAG) OG MARIA SVENDSEN (LEIAR og NOREGS MÅLUNGDOM)

I dag er ein marginal del av pensumet ved universiteta og høgskulane på nynorsk. Det er ei av årsakene til at mange studentar vel å bytte frå nynorsk til bokmål. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at universitets- og høgskulesektoren blir med på å snu utviklinga.

Kvart år byrjar nye kull med studentar på universitet og høgskular dominerte av engelsk og bokmål, både på pensumlister, nettsider og eksamensoppgåver. Det gjer at det blir vanskeleg for dei nye studentane å halde på nynorsken.

Praksisen ved universiteta varierer: Universitetet i Bergen legg i større grad enn Universitetet i Oslo (UiO) til rette for nynorskbruk. Der leverer no 7 prosent av masterstudentane masteroppgåve på nynorsk, medan det tilsvarande talet ved UiO er 2 prosent, i følgje studentavisa Universitas. UiO og dei andre nasjonale utdanningsinstitusjonane har eit særleg ansvar for å fremje bruk av nynorsk, ikkje minst med tanke på kor mykje språkleg kompetanse denne sektoren rår over.

I dag blir det skrive og omsett mange bøker til innføringsfag med mange studentar, som til dømes i ex.phil. Her bør universiteta og høgskulane leggje til rette for at ein større del av desse innføringsbøkene blir skrivne på og omsette til nynorsk. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å synleggjere relevant litteratur på nynorsk som alt finst. Her har sektoren ein lang veg å gå.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV