Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Likestill likestillingsgrepa


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
LIKESTILLING
I 139 studium i Noreg får kvinnelege studentar kjønnspoeng. For menn gjeld dette for berre to studium.

No ønskjer Norsk Sykepleierforbund å innføre kjønnspoeng for gutar. Eit forslag dei absolutt bør få medhald i. I dag er det berre ekstra kjønnspoeng for gutar om dei søkjer veterinær- eller dyrepleierstudiet ved Norges Veterinærhøgskolen.

Kjønnspoeng i favør av mannlege studentar vil truleg ikkje løyse den store overvekta av kvinner. Det vil heller ikkje vere verken eit mål i seg sjølv, eller realistisk, å få ei femti-femti-fordeling mellom kjønna. Å gi mannlege studentar fordelen med to kjønnspoeng i inntaket til studiet, vil derimot sende eit veldig viktig signal. Samstundes vil det òg gjere ein forskjell frå at det er så å sei ingen menn i miljøet, til at det i alle fall er litt fleire.

Det er uomtvisteleg at menn og kvinner tenkjer og handlar annleis, på privaten så vel som på jobb. Det er i det heile mange pluss ved å få inn fleire mannlege sjukepleiarar. For dei som jobbar der, vil truleg arbeidsmiljøet verte betre. Og for pasientane som har dagleg kontakt med sjukepleiarane, vil dette òg vere udelt positivt. Pasientar er innom sjukehus av mange ulike grunnar. Når det då er situasjonar som krevjer at ein må ut av kleda, er det naturlegvis enkelte som heller vil ha ein av sitt eige kjønn, om ein får valet.

Til Studvest seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Kyrre Lekve, at han fryktar bruk av kjønnspoeng vil føre til at studentar med lågare motivasjon og dårlegare karakterar slepp inn på studiet. Med tanke på kor mange som freistar å søkje seg inn på dette området, tvilar vi derimot på at dette vil verte eit reelt problem.

Gutane som kjem seg inn via to kjønnspoeng, vil truleg vere like motiverte og ikkje ha spesielt mykje dårlegare snitt enn jenter som kjem inn utan «drahjelp». Til sjuande og sist er det uansett erfaring frå ulike arbeidsplassar og lærarviljen når ein er i praksis som vil avgjere om ein vert ein god eller dårleg sjukepleiar. Dei som kan alle dei latinske omgrepa for sjukdommar er ikkje nødvendigvis den mest skikka til å handtere pasientane.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR