Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

På blodig alvor


 

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN

I dag finst det vampyrar for ein kvar smak. Twilight for dei EMO-file fjortiskidsa; The Vampire Diaries for dei kanskje litt voksnare; True Blood for dei meir uromantiske. Vampyrar er for så vidt ikkje noko nytt. Ein har sjølvsagt den klassiske gentleman-vampyren; velkledd og aristokratisk, litt bleik og med aust-europeisk aksent. For dei med dragning mot det meir enn subtilt homoerotiske og pedofilibefengte, har vi Brad Pitt og Tom Cruise i filmatiseringa av Anne Rice sin «Interview With a Vampire». Då eg var ung var det Buffy som var tingen.

Sjølv har eg enno ikkje heilt klart å gi meg hen til desse å-så romantiske-blodsugarane, men på tross av mitt populærkulturelle utanforskap har det i høve hausten sitt komande kongressval i USA kome meg for øyre ei relativt kuriøs teoretisk kopling mellom det politiske og underhaldningsbransjen. Ikkje at skillet mellom desse i utgangspunktet er særleg markant, men følg no med her!

Tanken er altså at det finst ein samanheng mellom den relative populariteta mellom vampyr- og zombiefilmar og det politiske landskapet i USA. I tider med demokratisk dominans er vampyrar pop, og i republikanske periodar er det zombiar som er tingen. Teorien synast å ta utgongspunkt i det tilsynelatande faktum at demokratar og amerikanske liberale er blodsugande snyltarar, mens republikanarar er tankelause og uvitande flokkdyr som ikkje reagerer på andre ytre stimuli enn halshogging, eventuelt motorsagsmaltraktering.

Dette høyrest nok rimeleg søkt ut, men tenk på det eit sekund. To av dei tre amerikanske statsmaktene er i dag dominert av demokratar. Går vi nokre år attende var situasjonen omvendt i republikansk favør og videohyllene rann over av zombiefilmar som «28 Weeks Later», «28 Days Later» og Dawn of the Dead. Under Clinton hugsar eg sjølv filmar som Blade, «Bram Stoker's Dracula» og den allereie nemnde «Interview With a Vampire».

Eg vil spare meg for å nytte dette som grunnlag for utbroderande politiske spådomar, men eg vil tillate meg å påpeike at dersom vampyrtrenden held seg utover hausten, og sikrar demokratane kongressen, vil dette kunne bidra til vidare vampyriske tilstandar i den popkulturelle sfære. Jippi (?).



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR