Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Synspunkt.

(U)proporsjonal representasjon


Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN

Det har den siste tida sust ein frisk vind over det politiske landskapet i Storbritannia. Anført av partileiar Nick Clegg skapar Liberal-Demokratane (LibDem) utsikter for store omveltingar i ein normalt svært tradisjonalistisk politisk fauna. 6. mai går britane til urnene i det som teiknar å bli det mest spanande britiske valet på lenge.

Det som gjer situasjonen spesiell i år er at LibDem no for alvor trugar topartiveldet til Labour og Dei konservative med å setje reform av eit openbart urettvist valsystem høgt på dagsorden. Dette systemet er ikkje berre grunnen til LibDem sin status som eit evig tredjehjul på den politiske vogna, men også kjelde til eit ikkje ubetydeleg demokratisk underskot.

Representantane til Underhuset blir nemleg vald gjennom det som vert kalla «First past the post»-prinsippet. Det tyder at om kandidaten du stemte på i din krets får færre stemmer enn motkandidaten er stemma di i praksis bortkasta – uansett storleiken på tapsmarginen. Ifølge meiningsmålingane den siste veka ligg LibDem, med om lag 30 prosent av stemmene, midt mellom Labour sine 27 og Dei konservative sine 35 prosent. Dette høyrest kanskje rimeleg bra ut for partiet til Clegg, men ei nærare analyse av den distriktsmessige fordelinga av desse tala gir dei berre 90 av 650 seter, medan dei to andre partia stort sett deler resten av kaka. Vi snakkar altså her om eit system som kan omgjere 30 prosents stemmeandel til berre 13 prosents representasjon.

Clegg vil altså, etter alt å døme, ikkje bli statsminister, men han har skapt røre ved å faktisk stille valsystemreform som betingelse for å gi støtte til nokon som helst etter valet. Og støtte treng dei, for ingen ser ut til å få fleirtal aleine. Labour og Dei konservative er naturlegvis ikkje like ivrige etter å endre eit system som har vore til deira fordel. Dei konservative sin partileiar David Cameron freistar å skremme med ustabilt pund, høge renter og generell økonomisk nedsmelting som konsekvensar av eit eventuelt mindretalsparlament. Dette burde imidlertid gjennomskuast som usakleg propaganda frå første stund. Om eit meir representativt valsystem blir utfallet av dette er det bra fordi det vil gi meir konsensusbasert politikk, større mangfald og kanskje prinsipielt viktigast: ei reell betydning for kvar stemme gitt.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR