Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

God språkpolitikk frå dag éin


Tekst: ODIN HØRTHE OMDAL (LEIAR I STUDENTMÅLLAGET I BERGEN)

Denne helga fekk Noreg ein ny, samla studentorganisasjon då Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL) gjekk saman. Studentmållaget i Bergen (SmiB) helsar organisasjonen velkomen, og er glad for at studentar i Noreg får ei endå sterkare røyst i viktige kampar frametter. Den røysta må den nye studentorganisasjonen nytte til å mellom anna gjere stoda betre for nynorskstudentane her til lands.

Kvardagen for studentar med nynorsk som sitt hovudmål er alt anna enn tilfredsstillande. Retten til eksamen på eige språk vert ofte broten, me får sjeldan sjå att språket vårt i pensum, universitet og høgskular bryt mållova og mange opplever at førelesarar uttrykkjer særs negative haldningar til nynorsk.

Nynorskstudentane ved Universitetet i Bergen har det rett nok betre enn dei fleste, med høg nynorskprosent og eksamenar på språket vårt. Likevel treff me mange av dei same problema som resten av Noreg. Bergenslokallaga må få den nye organisasjonen til å ta eit tydeleg standpunkt og seia frå at nynorskstudentar skal ha dei same høva til å ta høgare utdanning på eige språk som det bokmålsstudentane har.

Me vonar den nye studentorganisasjonen vil reisa viktige, prinsipielle ordskifte om akademia. Dei aller fleste studentar skal i all hovudsak bruka utdanninga si i Noreg og i norskspråklege miljø. Då er det avgjerande at utdanninga deira er i samsvar med dette. Den nye studentorganisasjonen må vera ein pådrivar for at norske universitet og høgskular hugsar sitt samfunnsansvar og syt for at studentane får læra norsk fagterminologi, lesa norsk pensum og kunne formidla faget sitt til alle ikring. Utfordringane knytte til publiseringsteljinga må stå høgt på dagsorden. I dag diskriminerer systemet akademikarar som ynskjer å publisera på norsk og for eit ålment publikum.

Jaget etter engelsken er ein misforstått freistnad på internasjonalisering, der ideen er at verda der ute er engelskspråkleg – og berre dét. For medan internasjonalisering står høgt på dagsorden i universitets- og høgskulesektoren, vert undervisningstilbod i ulike framandspråk lagde ned over ein låg sko. Det mangespråklege akademia må vera eit ideal for den nye studentorganisasjonen.

Studentmållaget i Bergen ynskjer organisasjonen lukke til, og vonar språkpolitikk i akademia vert teke på alvor frå dag éin.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV