Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kronikk.

Akademisk boikott av Israel – riktig og nødvendig


Tekst: MAGNE HAGESÆTER PALESTINAKOMITEEN I BERGEN

I 2008 held Israel fram med okkupasjonen av palestinsk jord, nektar palestinarane grunnleggjande menneskerettar og gjer det umogleg for palestinarane å leve verdige liv. Apartheidstaten Israel nektar å rette seg etter FNs resolusjonar og internasjonale lovar. Grunnleggjande fridomar vert krenkja, også fridomen til å studere og til å forske.

I solidaritet med dei palestinske medstudentane bør vi ta eit standpunkt mot overgriparstaten Israel og avslutte all akademisk samarbeid med dei israelske akademiske institusjonane. Med erfaringar frå Sør-Afrika, der den akademiske og sportslige boikotten skapte eit klima som svekkja apartheidregimet, veit vi at ein slik boikott kan gje gode resultat.

Motstandarane av denne boikotten hevdar den krenkar «akademisk fridom,» prinsippet som skal garantera «søking etter og formidling av sann kunnskap og forståing» som det vart definert av «The American Association of University Professors» i 1940. Men om ein ser på tilhøva for dei palestinske studentane og akademikarane, er det lite å sjå av slik fridom i dag, då ein knapt kan snakka om noko fridom i det heile tatt.

Den jamne palestinske studenten eller professoren har tvert imot ingen fridom til å «søke etter og formidle sann kunnskap og forståing». På Vestbreidda, mellom om lag 500 kontrollpostar, eit apartheidvegnett med særskilte vegar (og snart jernbane) berre for jødiske settlarar og særskilte vegar for palestinarar, må palestinaren nytte mykje av dagen til å kome seg til Universitetet. Og om den israelske okkupasjonssoldaten har ein dårleg dag, kan ein fort gløyme å få passera. Om soldaten har ein god dag og vil ha det litt morosamt, finn han ein kreativ måte å audmjuka palestinaren på.

Studentar ved Al Quds-Universitetet måtte tidlegare klatra over gjerde og murar for å kome seg til universitetet. No som apartheidmuren er ferdigbygga rundt dette området kan mange gløyme å gjere ferdig utdanninga si her. I Gaza er ikkje leksa noko betre: studentar med stipend vert nekta utreise, og om dei slepp ut får dei problem med å reise attende. Dei Israelske jagarflya og rakettane skånar ikkje universitetsbygningar og heller ikkje studentar eller professorar. Om studentane på ein eller annan måte står opp imot uretten, eller berre er med i studentorganisasjonar med noko som kan likna politiske målsetjingar så er vegen kort til dei israelske fangehola der ein kan bli plassert i såkalla «administrativ internering,» eit system utan tiltale og utan rett på advokat, der ein sit på ubestemt tid. Talet på slike fangar er per i dag 800.

Akademisk fridom er diverre ein utopi for palestinarane. Så kvifor israelske akademikarar få nyta denne fridomen utan noko krav om at dei ser sitt ansvar når det gjeld fridomen til sine palestinske naboar? Og kvifor bør akkurat akademia vernast mot sanksjonar og boikott? Myten om at den jamne israelske akademikaren er ein ven av Palestina står sterkt, men er nok ikkje stort meir enn ein myte. Om det så var tilfelle, kor hen er støtteerklæringane i dei akademiske institusjonane? Kor er resolusjonen om at dei palestinske kollegaene på andre sida av piggtrådgjerda og murane bør ha same rettar til å studere eller å forske som dei? Ikkje ein gong slike moderate vedtak vart føreslått i dei israelske akademiske kretsane.

I tillegg kan det nemnast at om lag halvparten av dei israelske akademikarane bidreg – direkte eller indirekte – til den store israelske militærindustrien med sitt arbeid. For å ikkje nemna dei revisjonistiske historikarane og arkeologane som arbeidar kvar dag for å skreddarsy forteljingar og «kjelder» til den sionistiske løgna som apartheidstaten er tufta på - at jødar rundt om i verda har meir tilknyting og rett til området enn dei som har budd der i fleire hundreår.

Akademisk fridom er ein fridom som bærer med seg ansvar, den er vilkårsbunden. Om israelske universitet nyttar sin akademiske fridom til å stø okkupasjonen og nekte palestinarane den same fridomen, tenar dei ikkje «søking etter og formidling av sann kunnskap og forståing». Då kan dei heller ikkje sjølv gjere krav på akademisk fridom.

Det er mange spørsmål knyta til denne typen boikott. Somme av svara kan ein lese i eit nytt debattheftet om akademisk boikott som kan bestillast på www.akademiskboikott.no.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Tenk på det du, at palestinerer flest stemte på Hamas! Ja det var et demokratisk valg, men når flertallet av folket stemmer for terrorister som ledere, ja da ber de om enda mer undertrykkelse! Hva viser palistinske myndigheter på barnetv? jo "kill kill kill" drep jøde griser osv.

Dette står lederne for, og tydeligvis et flertall av de muslimene der for siden de stemmer for slikt.

Fred blant og mot andre religioner har aldri falt i smak blant muslimer. Dette fordi man kan definere religionen som syk i forhold til dagens menneskerettigheter.

Hva gjør en mann som står for likeværd mot en annen som tenker som flokk rovdyr?

Vi lever i 2000, og det er ikke til å stikke under en stol at den muslimske verdenen har uakseptable holdninger idag.


Det jeg skulle si var - man er nødt til å holde en tiger i bur, for vist ikke, går den jo rundt og dreper...


La meg legge til - uakseptable holdninger iforhold til den tiden vi lever i. Og problemet er ISLAM! Fientligheten gjenspegles så enkelt som om når en ikke-muslim blir sammen med en muslimsk jente! Det har jeg erfart!
Da kommer det etterhvert ubehagelige henvendelser fra familien hennes.....


KORR KORR KORR KORR, naive fjols!


Du er et godtruende fjols Magne, som jeg oppriktig talt tror ikke vet best for fremtiden.


Posts like this brighten up my day. Thanks for taknig the time.



  SØK I STUDVEST:

SISTE KRONIKKER