Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Familiegjenforeining med bismak


 
MER OM DENNE SAKEN:
Pengekrangel for Kvarteret
STUDVEST FØLGER TEMAET:
KVARTERET
Medan studentane jublar over å ha fått attende kulturhuset sitt, sit leiarar frå Kvarteret og studentorganisasjonane framleis i konflikt.

I denne utgåva av Studvest skriv vi om at Kvarterstyret (KvaSt) og leiarane frå driftsorganisasjonane som forhandlar om såkalla ny «dorgeavtale». Den gamle kontrakta mellom Det Akademiske Kvarter og driftsorganisasjonane (dorgane) Bergen Realistforening (RF), Aktive Studenters Forening (ASF), Bergen Filmklubb, Studentteateret Immaturus og Studentersamfunnet i Bergen er utdatert og skal fornyast. Dette har skapt knutar på tråden for det som i utgangspunktet burde vore ei lukkeleg familiegjenforening.

Fordeling av ølinntekter mellom Kvarteret og dorgane er kjerna i konflikten. Kanskje ikkje så rart, ettersom begge partar her kan sikre seg ein særs viktig pengepott. Kva som har vorte diskutert på dei lukka møtene mellom KvaSt og dorgane i minst tre veker er uvisst. Men ettersom alle partane dei siste tre åra har hatt ei negativ innteningskurve grunna mangel på felles forsamlingshus i Olav Kyrres gate, kan ein rekne med at punkta i kontrakta som inneberer pengar er eit ømtålig punkt for fleire.

Ifølgje tidlegare president i RF, Bjørn Hagerup, har driftsorganisasjonane fått tilbod om inntekter frå billettsal og ein eventuell bonus utbetalt på slutten av året. Ei slik ordning kan påverke ASF og RF i negativ forstand: Mindre pengar på bok, mindre pengar å booke band og artistar for. Desse to konsertarrangørane har sidan opninga i 1995 hatt sin faste heim i Kvarteret. Under oppussinga av kulturhuset dei siste tre åra har imidlertid ASF og RF vore gjestar på Hulen og USF Verftet. Det kan kanskje vere vanskelegare for Kvarteret å slå i bordet med ein avtale, som i driftsorganisasjonane ikkje har sagt ja til, når «borna» har vore ute og sjekka tilhøva med alternative konsertheimar. I tillegg til krøll på grunn av ølpengar, har òg Studentforeningen Borg førebels usikre vilkår for vidare drift.

Med tanke på at Kvarteret skal leggje til rette for at driftsorganisasjonane arrangerer kultur for studentar, håpar vi for alle partar at KvaSt og leiar-dorgane snart klarar å sjå enden på desse forhandlinga. Klarar dei ikkje å verte einige, er det til sjuande og sist studentane krangelen går utover.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR