Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Ulike tider – lik undervising


Tekst: HANNE KVILHAUGSVIK (FAG- OG FORSKINGSANSVARLEG I STUDENTPARLAMENTET VED UIB)

Er det noko du saknar i undervisinga? Meir bruk av digitale hjelpemiddel? Betre bruk av Powerpoint? Meir involvering i undervisinga? Tilbakemelding frå studentar til forelesarar er avgjerande for at ein skal komma i gong med nye tiltak.

I mange emne har ikkje undervisingsmetodane endra seg stort på fleire tiår. Tavleundervisning kan vera ein god undervisingsmetode i eit fag, men i andre fag kan det vera på tide å prøva nye ting i undervisinga. Data på skriftleg eksamen? Podkasting av forelesingar? Betre bruk av powerpoint?

Det viktigaste ein kan gjera om ein ønskjer seg bruk av nye metodar i undervisinga, er enkelt og greitt at ein gir tilbakemelding om dette. Undervisarar har stor fridom til å leggja opp undervisinga etter dei metodane dei meiner er mest føremålstenlege, ved UiB har ein som utgangspunkt at initiativ til å byrja med nye tiltak må komma frå undervisarane og fagmiljøa sjølve.

Så kva kan ein gjera for å påverka og få inn nye undervisingsmetodar der ein ønskjer det? Det viktigaste er at ein gir tilbakemelding og formidlar ønsket vidare til undervisarane. Mange forelesarar ønskjer seg nok meir involvering av studentane i delar av undervisinga, og terskelen for å byrja med dette blir mykje lågare om studentane sjølve seier at dette er noko dei gjerne vil vera med på. Det same kan seiast om bruk av digitale hjelpemiddel, og om måten ein forelesar nyttar powerpoint på.

Det er mange nye tiltak ein kan få inn i undervisinga. Steg ein for å få det gjennom er å gi beskjed om det!



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV