Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Eksamensfilm på knekkebrødbudsjett


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
FILM
Universitetet stikk kjeppar i hjula for eksamenen til studentane.

I denne utgåva av Studvest skriv vi om studentar ved film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen (UiB), som av eiga lomme må betale for kostnader knytt til eksamensfilmane dei lagar. Frå instituttet vert det argumentert med at ein ikkje kan gi pengar fordi andre studentar ikkje får finansiert dyrt pensum. Eit uhaldbart argument, når ein veit at filmstudentane òg har sin del med pensumbøker.

I dette tilfellet må ein tenkje på at det ikkje er snakk om ei lita oppgåve, men den viktigaste dokumentasjonen studentane har for å vise kva dei har lært. Sluttproduktet skal brukast til å profilere seg for framtidige arbeidsgjevarar. Er eksamen då ein film som er halvparten så god som han kunne ha vore med finansiering, er det klart at UiB-studentane hamnar i andre rekkje i søknadsbunken. Og då bør ikkje eksamenen deira verte hemma av eit lite budsjett.

Studvest kjenner til at om ein eventuell eksamensfilm skulle tene pengar, får ikkje studentane dei inntente midlane åleine. UiB skal nemleg ha sin del. Ein kan sjølvsagt kome med argumentet om at sannsynet for at ein eksamensfilm vil gjere det stort innteningsmessig ikkje er spesielt stort. Men då Dag Elgesem, instituttleiar ved medievitskap, fortel at dei har valt å seie nei til direkte økonomisk støtte frå UiB på prinsipielt grunnlag, burde dei òg, på prinsipielt grunnlag, la studentane få ha suksessen for seg sjølve. Utan noko form for økonomisk støtte, kan ikkje universitetet skryte på seg å ha lagt eit godt nok utgangspunkt for eksamensfilminga.

Om ikkje UiB kan hjelpe studentane med pengar sjølve, burde dei i alle fall i større grad hjelpe og informere eksamensdeltakarane om kvar og korleis dei kan skaffe ekstern støtte. Truleg vil støtteordningar som Springbrettet, som skal arbeide for å styrke Bergen og Vestlandet som utdannings- og næringsregion, vere ein kandidat. Bergen kommune si teneste, Kjapt Svar, er òg eit alternativ for dei som framleis ikkje har fylt 26 år. Vi meiner universitetet bør innsjå at noko bør gjerast med dagens eksamensordning for film- og TV-produksjon. Sjølv om kreativiteten gjerne vert utfordra når ein har lite pengar, er situasjonen ein annan når ein ikkje har pengar i det heile.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR