Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Oppslukt


 

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Facebook har blitt ein velkjend arena for utpøsing av personleg glede og gugge. Det folk er opptatt av kjem ut som ein evig straum av pussige, kleine eller tåpelege meldingar. Og folk ser ut til å vere oppslukt i dei merkelegaste ting. Nyleg fann vennina mi det for godt å fortelje at ho «found som Uncommon Brown Mystery Egg to share with her friends». Ein annan dag kunne ho stolt fortelje at «senga var montert og klar». Ein annan lurte fælt på «Kva gjer ein når klestativet er fullt, og det er meir som skal til tørk», og ei av dei mange heimanfrå som har fått seg småttisar ønska lik så godt å legge legging av barna ut på anbud.

Sånn heilt ut av det blå går eg ut frå at folk tenker at det dei sjølv skriv i statusfeltet er av stor interesse for andre. Statusoppdateringsfeltet er trass alt offentleg for vennene dine (og fleire til om du har feil innstillingar). Men om eg tenkjer meg litt om, er det slettes ikkje sikkert at dei 354 «vennane mine» er supergira på å høyre om det eg er oppslukt av.

Skal eg vere heilt ærleg er det kanskje ikkje like interessant for mine kjøtetande venner at eg heile tida «whinar» om dei nyaste tilskota på mi store stoltheit, Veggisbloggen. Vennane mine som verken er studentar eller bur i Bergen er vel heller ikkje særleg interessert i at eg treng nye journalistar og at vi har infomøte.

Det finnast likevel nokon som evnar å utnytte statusoppdateringsfeltet til det fulle (og som for øvrig aldri hadde klart seg spesielt godt på dei 140 teikna ein har tilgjengeleg på Twitter). Eg tillet meg å ta med ei oppdatering frå i går. «Thomas Stokkeland Cook nyter timer helt uten gjøremålenes tyngende overbygning (riktignok skrives såvel anmeldelse som kronikk, men denne gang snarere i frivillighetens lune favn enn bak pliktens tvangstrøye), og fyller disse med et spekter av trivsel: Oscar Wilde, liten presskanne med kaffe, utsikt, tankerekker, ullsokker (tre er jo et levende materiale, og parkettens kroppstemperatur har nå sunket ned på et helsetruende lavt nivå).»

Slik kan det altså gjerast. Det er noko å tenke på neste gong du vurderer å skrive «sovna vekk en del tima på sofaen» eller «I hate school, blæ.»



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR