Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Sjuke studentar i urettferdig skvis


Delvis sjukemelding bør vere eit reelt alternativ, også for studentar.

I ein stressande studiekvardag er det mange studentar som kan bli ramma av ulike problem. Ryggplager, senebetennelse, ulike skader, konsenstrasjonsvanskar, angst og depresjon er nokre av dei. Sjukdom og plager kan dukke opp når ein minst ventar det. Er ein i arbeidslivet finnast det fleksible ordningar for dei som ynskjer delvis sjukemelding. Er ein fulltidsstudent og ynskjer delvis sjukemelding, er situasjonen straks ein annan.

Som student har du nemleg krav på å få omgjort studielån frå Lånekassen til sjukestipend, dersom du er sjuk i meir enn 14 dagar. Du kan maksimalt få sjukestipend i 4,5 månader. Det store problemet med denne ordninga er imidlertid at du må vere 100 prosent sjukemeld dersom du skal få sjukestipend. Dersom du har moglegheit til å studere litt, men ikkje klarar å ha full progresjon på grunn av sjukdomen, kan du altså ikkje det, med mindre du seier frå deg retten til sjukestipend. I praksis gjev det studentar to alternativ: Anten bør du vere 100 prosent frisk, eller så bør du ikkje ta eit einaste studiepoeng.

Problemstillinga om delvis sjukemelding for studentar vart tatt opp av studentavisa Under Dusken allereie i 2006. No, fire år seinare, har presset auka. I tillegg til lokale og nasjonale studentpolitikarar, har fleire opposisjonspolitikarar som Trine Skei Grande (V) og Dagrun Eriksen (KrF) også engasjert seg i saka. Det er vel og bra. No manglar det berre at den sittande regjeringa omsider tek problemet på alvor.

På spørsmål frå Trine Skei Grande tidlegare i år svara Tora Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister, at «Kunnskapsdepartementet vil jobbe vidare med desse problemstillingane i arbeidet med å vidareutvikle støtteordningane for studentar som blir sjuke under utdanninga.»

Om dei raudgrøne ynskjer å vise at dei er eit godt politisk alternativ for studentar, er det er på høg tid at dei sosiale rettane til studentane vert styrka og at hola vert tetta der studentane fell gjennom systemet.

Studentar er allereie i ein pressa økonomisk situasjon. Ytterlegare usikkerheit grunna eit mangelfullt og lite fleksibelt system, hjelp ikkje akkurat studenttilværet. Delvis sjukemelding bør bli eit reelt alternativ for studentar snarast.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR