Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Dagen derpå


 

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL

Dei aller fleste har vore der. Ein fest verkar som ein god idé og ein tenker at «joda, eg klarer vel ein fest sjølv om eg er sliten og eigentleg ikkje har tid. Eg skal jo slutte å drikke tidleg». Så samlast ein til kalas i gode veners lag og alt er velstand. Det er berre å gå i gang med drikking og festlegheiter og kvelden tek seg sakte med sikkert opp, som han pleier gjere.

Dei planlagde få øla aukar snart i tal og forma er på topp. Dessverre forsvinn også all rasjonalitet saman med alkoholen, noko ein sjølvsagt veit på førehand, men vel å ignorere. Ein er konge på haugen og alle bekymringar har forsvunne for ei lita stund. I godt lag skal det også godt drikkast, så det kan ikkje lenger vere snakk om å avgrense seg på noko slags vis.

Plutseleg er klokka to om natta og du veit at no må du gi deg om det skal vere ein sjanse for at du kan køyre bil innan rimeleg tid i morgon. Hjernen seier til deg «slutt no, medan leiken er god!», medan alkoholen seier «dette var moro, eg vil meir!» Kven skal du høyre på? Sjølvsagt blir det alkoholen. Og så har du plutseleg hamna oppi same situasjon som så mange gonger før, festen fortset til ein nærmar seg kollaps.

Klokka blir 6 eller 7 om morgonen, og du begynner å rekne timar med søvn og skulle ønskje at helga kunne vart minst to dagar til. Så vaknar du etter tre timars søvn og skal klare å fungere resten av dagen. Gjerne ein framand stad der ein eigentleg ikkje veit heilt korleis ein skal komme seg heim att i frå. «Dette var svært uheldig» kan ein tenke då. Men, men, kva gjer vel ein dårleg dag og ei slitsam kommande veke når ein har fått mora seg nokre timar? Neste helg blir det nok mest sannsynleg på same vis. Moro før fornuft! Ein lærer aldri.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR