Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Når eg vert gamal


 

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Når eg vert gamal, skal eg skru av høyreapparatet når festen vert for høglydt, eller diskusjonspartnaren for nærgåande.

Når eg vert gamal, skal eg sprade rundt med broddar på skoa, og spiss på stokken, og dét sjølvsagt medan eg ler av dei som sklir på isen.

Når eg vert gamal, skal eg tvihalde på gamle tradisjonar. Sjølv om eg ikkje hugsar opphavet. Eller endå meir spanande: Innføre ein ny, merkeleg tradisjon, og hevde den er gamal.

Når eg vert gamal, skal eg snakka rett frå levra til uoppdragen, snus-befengt og tyggis-tyggande ungdom på bussen.

Når eg vert gamal skal eg rista på hovudet over forfallet i språket, og ta i bruk ord som dei yngste slektningane ikkje forstår.

Når eg vert gamal, skal eg rette kvar utgåve av lokalavisa med raudpenn, før eg sender den i retur.

Når eg vert gamal, skal eg ta til med løkkjeskrift, slik at alle mine skrivne ord vert oppfatta som nostalgiske.

Når eg vert gamal, skal eg ha ein liten motorisert bil, og køyre frå pleiarane.

Når eg vert gamal skal eg snike meg fram til kassadama på butikken for å få hjelp – for å kome framfor den lange køen.

Når eg vert gamal, skal eg veksle pengane mine i femtiøringar – før eg snik meg fram i køen.

Når eg vert gamal skal eg lure dei demente på avdelinga til å tru at dei gløymer meir enn kva dei eigentleg gjer. Kanskje to gonger på same dag, ettersom eg har starta å gløyme litt sjølv òg.

Når eg vert gamal, skal eg ringje og spør om å få snakka med svigerson min, fem minutt før pause i landskampen.

Når eg vert gamal, skal eg ikkje uroe meg over tatoveringa eg tok då eg var 22, men heller om nokon hugsar å vaske meg neste måndag.

Eg gler meg til å verta gamal. Gjer du?



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR