Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Attending: Kvarteret-GF


Kvarteret har jobba hardt for å huse studentkultur. No er det på tide at studentar seier «takk» ved å kome på generalforsamlinga deira.

Frå april 2007 til februar 2010 vart det arbeida for å pusse opp og byggje ut hovudkvarteret til Det Akademiske Kvarter. Etter mange år med studentføter som har trakka inn og ut, var bygget slitt og trengde sårt nokre kirurgiske grep.

Trass fleire startvanskar etter opninga i februar: Dei mest alvorlege vaksesmertene i prosessen frå NG2 til Olav Kyrres gate er no eit tilbakelagt kapittel. Og sjølv om det har vore vanskar, bør ein verdsette alle timane frivillege legg ned i drifta av Kvarteret. Dei gjer det fordi du som student skal ha det best mogleg på fritida.

Nettopp difor er det viktig at studentane tek seg fri frå eksamenslesinga i neste veke – for å gi noko attende til dei som heile studieåret jobbar for dei. Måndag 10. mai er det duka for det viktigaste møtet som vert halde innanfor studentkulturen i Bergen. Det Akademiske Kvarter kallar inn til generalforsamling (GF), og alle studentar som har betalt semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen er invitert. Her kan du stille til viktige verv – eller påverke kven som får dei, prege ditt eige studiemiljø, stemme over viktige saker og få innsikt i arbeidet til Kvarteret og arrangørane.

Den vesle tida du brukar på å sei di meining via ein stemmeseddel har kanskje lite å sei for deg – men veldig mykje å sei for dei som kvart semester sørgjer for at du får oppleve konsertar, filmar, teater, konsertar og debattar til ein billeg penge. Utan nok engasjerte på GF set nemleg studentane sjølve store kjeppar i hjula for sitt eige kulturtilbod.

For å få gjennomført GF treng Kvarteret 100 studentar. I forkant av møtet har det kome forslag om å redusere minstekravet til 50. Eit forslag som studentpolitikar Ben Holan kom med på GF i 2009 – og vart nedstemt. Studvest vil på det sterkaste fråråde å svekkje demokratiet ved å redusere dette minstekravet. Med færre påkrevde, er det større sjanse for at enkeltgrupper kan kuppe GF-ane. For det er eit viktig element her: Kvarteret skal verte drifta slik gjennomsnittsstudenten ønskjer, og ikkje slik eit samla mindretal vil.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR