Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Studentane må ta fagkritikken på alvor


Alle må stille spørsmål ved det ein lærer, også realistane.

Denne veka vert det arrangert fagkritisk dag ved store delar av universitetet. Nokon har hatt dagen allereie, andre skal ha den litt seinare. Det viktigaste er at studentane ved dei ulike institutta diskuterer faget sitt. Eit fakultet glimrar imidlertid med sitt fråver. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (mat.nat). Leiar i Realistutvalet seier til Studvest denne veka at han trur det ikkje det er så stort behov for ein fagkritisk dag på mat.nat som på andre fakultet. Her tek han grundig feil.

Når medisinstudentar diskuterer utforminga av eit nytt medisinstudium og sosiologistudentane har paneldebatt om sosiologar si rolle i media, har studentane på mat.nat undervisningsfri. På lik linje med andre fakultet bør studentane på Realfagsbygget også diskutere utfordringar i sitt eige fagmiljø.

Fagutvala ved mat.nat burde tatt lærdom frå hovudstaden. Der tek også realistane fagkritikk på alvor. Matematisk-naturvitenskapleg studentutval ved Universitetet i Oslo hadde i fjor debatt om obligatorisk undervisning. Året før diskuterte dei korvidt ex.phil. er tilpassa realfagsstudentane. Det er ingen grunn til at det ikkje kan bli arrangert tilsvarande arrangement i Bergen.

Ansvaret for fagkritisk dag ligg hovudsakleg hos dei enkelte fagutvala. Det er med andre ord opp til engasjerte studentar om arrangementa blir noko av. Samstundes er det avgjerande at Studentparlamentet og universitetet legg til rette for at dagen kan gjennomførast på best mogleg måte. Studentparlamentet har erkjent at arrangeringa av fagkritisk dag på mat.nat aldri har fungert skikkeleg. Det er derfor på høg tid at samarbeidet mellom Studentparlamentet, Realistutvalet, fakultetet og fagutvala betrar seg. Ei fortsatt utvikling av fagmiljøa er avhengig av studentane sine perspektiv og kritiske refleksjon. Dette gjeld også for realfagsstudentane.

Problema knytt til fagkritikken handlar samstundes ikkje berre om den eine dagen i året. Det handlar om fagkritikk. Året rundt. Har ikkje studentar eit kontinuerlig kritisk blikk på det dei lærer, kva dei lærer og kva kunnskapen skal og bør brukast til, står universitetet i fare for å stagnere. Universitetet bør halde fram med å vere ein tenkande og dynamisk institusjon, der også studentane tek aktivt del.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR