Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Lytt til studentstemmene


Store omleggingar ved Universitetet i Bergen bør i mykje større grad inkludere studentane sine synspunkt.

Universitetet i Bergen er i desse dagar i gong med å vedta ny internhusleigelov. Vert forslaget vedtatt, skal fakulteta betale ei reell husleige for areala dei disponerer. Det betyr at fakulteta kan «effektivisere» arealbruken for å spare kostnader. Universitetet kan dermed seie opp eller framleige areala og få ein budsjettmessig gevinst. Som vi skriv i Studvest denne veka fekk Arbeidsutvalet ved Studentparlamentet først vite om planane for den nye ordninga då innstillinga til prosjektgruppa var klar.

Prosjektgruppa bestod av medarbeidarar frå eigendomsavdelinga og økonomiavdelinga. Studentar og studentrepresentantar har med andre ord ikkje fått tatt del i prosessen. Sidan dette er ei sak som i aller høgaste grad angår studentane, er det særs kritikkverdig at dei ikkje har vore ein del av prosjektgruppa. Dette burde ha vore ei sjølvfølgje. Trer den nye husleigelova i kraft slik innstillinga står no, kan dette gå hardt utover både studentorganisasjonar sine lokale og fleire lesesalsområde.

Saka om ny husleigeordning er dessverre ikkje eit unntak i universitetssamanheng. Stadig kjem det fram saker der studentar og studentrepresentantar ikkje vert inkludert når viktige omleggingar skal finne stad. Også i saka om innføring av direkte opptak til profesjonsstudiet i psykologi, som vi skriv om i denne vekas Studvest, bør fakultetet opne øyrene og lytte til studentane og dei tilsette sine synspunkt. Ei undersøking utført av studentar på psykologistudiet viser at så mange som 90 prosent av dei som svarte, ikkje ynskjer å innføre direkteopptak. Studentparlamentsrepresentant Lars Arnesen meiner saka har vore ein hasteprosess. Tilsette har også kritisert prosessen og etterlyst openheit og diskusjon.

Innflytelse over sin eigen kvardag er viktig for å kunne trivast på universitetet. Den generelle avmakta mange studentar føler, blir ikkje akkurat betre av at avgjersler blir tatt «over hovudet» på dei. Skjer det altfor mange viktige avgjersler bak lukka dører i komitéar og grupper utan studentrepresentantar, kan universitetet fort verte oppfatta som ein institusjon utan vilje til å lytte til dei som utgjer grunnlaget for at det eksisterer, nemleg studentane. Skal studentpolitikk ha verdi og engasjere, må universitetet inkludere studentar i avgjersleprosessane - spesielt i saker som angår dei direkte.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR