Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Dårleg stemning


 

For å unngå eindel unødig stress i livet mitt er det ein del tema eg ikkje snakkar med visse folk om. Det er ikkje det at eg er feig og ikkje tør snakke med dei om det. Det er berre det at eg har prøvd det før. Og det funka ikkje. Eg bedundrar Jonas Gahr Støre og Dalai Lama når dei snakkar om dialog, respekt og samarbeid. Ofte har eg sjølv prøvd denne dialogiske linja. Eg har følt meg open for å lytte til kva andre har å seie i saker der eg veit eg ikkje er samd med dei. Eg har tenkt: « No er det viktig at eg lyttar til motparten sitt syn på verda.» Problemet er berre at det ofte blir kaos. Dialogen strandar i ei tåke av skikkeleg dårleg stemning.

Koselege vaffel- og kaffiettermiddagar hos mormor har endt med den ekle «vi lever på to ulike planetar»-kjensla. Diskusjonen om korvidt muslimane kjem til å ta over Noreg eller ikkje har dessverre ikkje endt med det eg håpa på. Mormor har ikkje blitt overtyda. Ho har stått på sitt. Eg har stått på mitt.

Kompisen som synest at militæret er så fantastisk har heller ikkje blitt overtyda av mine pasifistiske haldningar. Dialogen er død. Diskusjonen går i stampe. Det same gjeld samtalane med veninnene mine som synest eg er ein tulling fordi eg ikkje gidd å sjå «Sex og Singelliv».

Utallege samtalar har enda opp på denne måten, ja nettopp, med skikkeleg dårleg stemning (før vi nokon brått skiftar over til eit tema der vi veit at vi har samanfallande synspunkt). Til meir eg tenkjer over kor mange situasjonar og samtalar eg ikkje ynskjer å ha, til meir innser eg at illusjonane om meg sjølv har fått ein alvorleg knekk. Eg er hyggeleg, men ikkje hyggeleg. Eg er imøtekomande, men ikkje imøtekomande.

Eg er som alle andre. Ein egoist som prakkar mine eigne meiningar over på andre.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR