Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Tilrettelagt


Du kan få tilrettelegging ved eksamen. Det einaste du må gjera er å søkja i tide!

Tekst: HANNE KVILHAUGSVIK (FAG- OG FORSKINGSANSVARLEG I STUDENTPARLAMENTET VED UIB)

Haustsemesteret er så vidt i gong, og eksamensdagen verkar mest av alt som ei perifer hending langt inne i framtida. Det kjennest som om det er eit hav av tid mellom i dag og eksamen. Tida går likevel, som alltid, fortare enn ein skulle tru. Derfor er det ikkje dumt å setta av litt tid no med ein gong til å søkja om tilrettelegging på eksamen.

Viss du er sjuk, har ei funksjonshemming eller ei skade, kan dette gjera det vanskeleg å få gjennomført eksamen på vanleg måte. Då er det godt å vita at du kan få tilrettelegging ved eksamen. Du kan til dømes få utvida eksamenstid ved skuleeksamen, utsett innleveringsfrist ved heimeeksamen og liknande prøveformar, moglegheit til å få lengre pausar, moglegheit til å nytta datamaskin eller få skrivehjelp.

Sjølv om det gjerne er fleire månader til eksamen, er det viktig at du er obs på at du må søkja om tilrettelegging innan ein månad før eksamensdagen. Du må leggja ved dokumentasjon på at du treng tilrettelegging, som ein attest frå til dømes legen din. Skulle du bli skada eller sjuk etter at fristen for søknad om tilrettelegging er gått, er det sjølvsagt mogleg å be om tilrettelegging likevel. Har du dysleksi, må du leggja ved anonymisert attest for dysleksi ved eksamensoppgåva di viss dette har vore grunnlag for å få tilrettelegging.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV