Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Den store nedturen


 

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

I heile oppveksten min har eg vore svært skadefri. Eg har forstua veslefingeren min ein gong og ankelen to. Det er jo bra for meg, men det er ikkje fritt for at eg av og til har tenkt: «Jammen kunne det vore artig å prøvd ein sånn idrettskade». Eller: ÇDet ser så kult ut å gå på krykkjer». Dessutan høyrest idrettskade ganske tøft ut i mine øyre. Det inneber at eg trenar, at eg har gitt alt og ofra meg, rett og slett.

Rett over nyttår rauk eg eit leddband i kneet, noko som har gitt meg høve til å testa det å ha ein idrettskade. Diverre viste det seg at alt eg hadde sett for meg var fordeler, også hadde ei bakside.

Til dømes:

I mitt hovud: Om du er heldig, er det ein kjekk mann som kjem springande til når du skadar deg. Han lyftar deg opp i dei sterke armane, og ber deg av banen.

I røynda: Den kjekke, sterke mannen kjem bort og lyftar deg av banen. Du er sleip av sveitte og luktar som ein gymsokk, naturleg nok. I tillegg hyler du og ser stygg ut. Etter du har blitt køyrt til legen, fortel han alle at du sannsynlegvis er ei pingle.

I mitt hovud: Krykkjer ser utruleg kjekt ut å gå på. Dessutan får du alltid sitteplass på bussen.

I røynda: Krykkjer er utruleg tungt å gå på, og du ser ut som ei gammal dame. I tillegg er det særs upraktisk å bruka begge armane til å gå viss du også har lyst til å bæra noko. Dessutan gidd ingen å gi deg plassen sin på bussen berre fordi du har krykkjer.

I mitt hovud: Halting og krykkjer gir deg utruleg mykje merksemd og mange sjansar til å få sagt: «Nei du veit... idrettskade» på ein kjekk måte.

I røynda: Jo visst, ein får mange kommentarar når ein går på krykkjer. Og ein får mange sjansar til å fortelja om kor tøff ein er. Men skremmande nok blir ein avhengig. Eg er rusa på merksemd, og når eg møter vennene mine ser eg dei tenkjer: «Ånei, må eg høyra endå meir om det kneet?».

Eg tar ikkje for sterkt i om eg seier at eg føler meg litt snytt. Difor, om eg kjem haltande i stor fart med ei krykkje i neven, lat meg i det minste få gleda av å sitja på bussen.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR