Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Timeplan i tide!


Tekst: HANNE KVILHAUGSVIK (FAG- OG FORSKINGSANSVARLEG I STUDENTPARLAMENTET VED UIB)

Eit nytt semester er snart i gong ved Universitetet i Bergen. Som student har du mange rettar, men det er ikkje alltid like lett å ha oversikt over alt. Ved semesterstart er nettopp det å ha oversikt veldig greitt, derfor er det jo fint å vita at du har rettar når det gjeld timeplan og litteraturlister!

Timeplanar og litteraturlister skal nemleg vera klar i god tid før semesterstart. For haustsemesteret skal dei liggja ope tilgjengeleg på www.uib.no seinast den 1. juni, og seinast den 1. desember for vårsemesteret. Timeplanane ein legg ut skal innehalda informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetar.

Dette gjer at du kan få oversikt over når du har undervisning neste semester i god tid i forvegen! Det er svært nyttig om du t.d. skal heim på juleferie og treng å vita når du må vera tilbake på UiB. Det gjer det også mogleg for deg å planleggja og ha oversikt over neste semester. Litteraturlistene gjer det dessutan mogleg å leita etter bøkene brukt eller på nett, du kan sjekka på førehand kor mykje du må nytta på å kjøpa pensumbøker, og det gjer det også mogleg å planleggja tilrettelegging for dei som treng det. Viss timeplanen og litteraturlista mot formodning ikkje ligg ute, tar du kontakt med emneansvarleg.

Lurer du på noko? Treng du hjelp? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss i Studentparlamentet! Du finn oss på Studentsenteret, på http://studentparlamentet.uib.no/, og du kan kontakta oss på au@sp.uib.no.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV