Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Normal- og unormalfordeling


Tekst: HANNE KVILHAUGSVIK (FAG- OG FORSKINGSANSVARLEG I STUDENTPARLAMENTET VED UIB)

«De må hugsa at de blir målt opp mot kvarandre på eksamen,» har nokon studentar blitt fortalt av undervisarane sine. Dette stemmer sjølvsagt ikkje, ved UiB driv ein ikkje med normalfordeling av eksamenskarakterar!

KVA ER NORMALT?

Normalfordeling vil seia at eksamenskarakterar, over tid, skal vera fordelt på karakterskalaen på følgjande måte: A: 8 – 12 prosent, B: 20 – 30 prosent, C: 24 – 36 prosent, D: 20 – 30 prosent, E: 8 – 12 prosent. For å få ei normalfordeling av karakterar, må ein naudsyntvis måla studentane sine eksamensprestasjonar opp mot kvarandre. Dersom ein, bevisst eller ubevisst, driv med normalfordeling kan ein med andre ord enda opp med at ein student som eigentleg burde fått ein B, får ein C fordi det var så mange andre som gjorde det bra på eksamen. Dette tyder at din eksamensprestasjon blir målt opp mot dei andre sine, i staden for at ein vurderer prestasjonen din for seg sjølv. Normalfordeling tar altså ikkje omsyn til at det kan vera eit over gjennomsnittleg høgt nivå på prestasjonane i eit emne.

KVA ER EIGENTLEG EIN C?

Universitets- og høgskolerådet har vedtatt generelle skildringar av kva ein karakter skal tyda, slik at det skal bli ei felles forståing for dette. Ved å ha ei felles forståing av kva t.d. ein karakter tyder, kan ein unngå at ein t.d. ved nokre institusjonar meiner at ein C skal tildelast betre prestasjonar enn kva ein gjer ved ein annan institusjon. I desse generelle karakterskildringane blir C skildra som: ”God – God prestasjon som oppfyller forventningane”. Her er det også slått fast at viss ein prestasjon tilfredsstiller krava for t.d. ein C, skal sensor gi denne prestasjonen C – uavhengig av korleis fordelinga av kva dei andre studentane i eksamenskullet er blitt vurdert til. Med andre ord skal ein ikkje gi ein prestasjon ein dårlegare, eller betre, karakter som følgje av normalfordeling i eksamenskullet!

KVA GJER EIN VED UIB?

I fjor fremma studentrepresentantane i universitetet sitt utdanningsutval ei sak om normalfordeling, fordi ein hadde fått signal frå studentar ved Det juridiske fakultet om at det blei praktisert bevisst normalfordeling av eksamenskarakterar der. I dette møtet blei det slått klart fast at eksamenskarakterar skal setjas i tråd med dei generelle skildringane, og at ein ikkje skal normalfordela eksamenskarakterane.

Får du beskjed av undervisar om at de vil bli målt opp mot kvarandre på eksamen? Grunngir sensor karakteren din med at ein har normalfordelt karakterane? Ta kontakt med studentutvalet ditt eller Studentparlamentet – ved UiB normalfordelar me ikkje eksamenskarakterane!



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LESARBREV