Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Kjærleik i mørkret


 

Tekst: ANNA KATHARINA FONN MATRE

Det er snart den tida på året igjen. Tradisjonen står etter kvart sterkt i mange norske heimar. For ikkje å snakke på studenthyblane. Vin chaud og sjokolade. I mørkret sit vi tett i tett. Fire i den slitne tosetaren, tre på golvet. Vi kvin, og det kriblar i heile kroppen. Vi er klare.

– Kvar er koppen min? Tenk om han veltar?

– Slapp av. Eg har han her. Men du sit på foten min.

– Betre sånn? Hopp over trailerane!

– Der, no er vi i gong. Åh, opningsscena er så artig!

Love Actually. Det er ikkje berre ein film. Det er eit konsept. Love Actually har om lag ein månad aktualitetstid i året. Sesongen startar allereie seint i november for dei utålmodige. Eg høyrer til denne kategorien. Vi benkjer oss og ser filmen saman. Vi ler, og nokre gret. Eg høyrer til dei som gret – på same plass i filmen kvart år.

– Nei, ikkje gjer det! Ho er slem. Gå heim til kona di!

– Emma Thompson er så pen …

– Mhm. Når kjem scena med Hugh Grant?

Vi treng ikkje meir informasjon for å skjønne kva for ei scene ho snakkar om. Eg veit det, du veit det, og Hugh Grant veit det så innmari godt.

– Spor sju. 1:15 ut i klippet, kjem det frå sofaen.

Vi har med ein kjennar å gjere. Rutinert. Sport sju, 1:15 er der Hugh Grant med hoftevrikk og disco moves dansar seg gjennom statsministerhuset. Det går eit sukk gjennom sofaen, og dei på golvet legg seg ned og gispar.

– Han blir aldri gammal.

– Han er fantastisk.

– Ein gong til?

Sjølvsagt ser vi det ein gong til. Og ein gong til. Vi er så glade og varme i hjarta våre. Og eit sekund gløymer vi at det er eksamenstid og at julestrida står for døra. Eg prøver å spare på kjensla, men allereie når gjestene er gått, kjenner eg beina lande på jorda igjen. Så kan eg ikkje motstå freistinga. Fingeren treff playknappen, og eg borar meg ned igjen i sofaen og sleng beina på bordet. «I feel it in my fingers,» syng Bill Nighy, og hjartet mitt blir varmt.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR