Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Stille! Lesing pågår.


Atter ein gong ligg arbeidsmiljøet for studentane lågt på prioriteringslista.

Det nærmar seg eksamenstid. Som den allmenne studenten ofte gjer, har du utsett lesinga til fordel for eit klassisk skippertak. På kort tid skal mykje lærdom i beste fall repeterast, i verste fall lærast inn for første gong. Du finn vegen til lesesalen og hiv deg i kast. Det same gjer bygningsarbeidarane i kjellaren under, med vernesko og drillbor.

Som Studvest set fokus på i dette nummeret pågår det for tida eit omfattande byggingsarbeid ved Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet (mat.nat.). Søk etter lekkasjar under sjølve bygget er kjerna til arbeidet. I neste rekkje har during i bygget ført til eit gjennomgåande irritasjonsmoment for studentane ved fakultetet.

For kor lenge vil byggingsarbeidet vare? Vil duringa vere vekke neste dag ein dukkar opp? Eller tek det ein månad? To? Bør alternative leseplassar oppsøkjast? Det kan oppstå mykje frustrasjon i mangelen på nok informasjon. Som byggjeleiar Åse Tveitnes påpeikar er det vanskeleg å vete kor lang tid søk etter lekkasje kan ta – men når studentane ikkje eingong veit dét er det kritikkverdig.

Fakultetet har fått informasjonen dei treng å vidareformidle overfor studentane. Ved enkle grep kunne leiinga unngått frustrerte studentar. Eit enkelt informasjonsmøte. Informasjon gjennom MiSide eller liknande. Førstnemnde vert igongsett no – først etter at Studvest tok opp problemstillinga med leiinga.

Som ofte tidlegare vitnar dette om at arbeidsmiljøet til studentane ikkje vert prioritert i stor nok grad. I år som i fjor er det planlagt at hovudlesesalen for mat.nat-studentane, «Hangaren», skal brukast til eksamenslokale. Eigedomsavdelinga forklarar dette med at store straumutgifter gjer at dei ikkje har budsjett til å leige eksterne lokale til eksamen.

Kva då med studentane, som då både får øydelagd lesinga før eksamen og i tillegg ikkje har tilgjengeleg lesesalsplass i siste innspurten? Hadde den same situasjonen vore gjeldande i arbeidslivet, ville det kjapt ha kome protestar.

For studentane og eksamenslesinga si skuld, må leiinga ikkje berre informere betre, men òg leggje til rette for eksamenstida om byggingsarbeidet held fram i lang tid.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR