Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Synspunkt.

Ja til studentlisens


Noko av det første som møtte meg førre gong eg flytta til ny bolig i Bergen var lisenskontrolløren.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN

Han stod på huk foran døra i kollektivet og var allereie i full gong med å dele ut blåpapirkvitteringar på sitt besøk til mine sambuarar idét eg kom heim. Han spurde om eg hadde TV, og som den elendige løgnaren eg er, kom eg med eit halvt spørjande «jaaa». Før det var gått eit minutt var han ute av døra, medan eg stod att med ei kvittering i handa på at eg var blitt registrert lisensbetalar.

I teorien er eg ein velvillig sponsor av rikskringkastaren. Eg meiner NRK er ein viktig samfunnsinstitusjon som leverer eit breitt og godt tilbod til heile befolkninga. Eg meiner det er sunt at vi har eit kringkastingsorgan som kan ta avgjersler ut i frå andre omsyn enn kommersielle, og eg meiner bestemt at statsbudsjettfinansiering vil kunne gjere NRK til offer for ei politisk usikkerheit og kortsiktigheit som vi ikkje vil vere tent med. I tillegg er NRK utvilsomt den beste nyhendeformidlaren i landet, kva angår etermedia. Allikevel kjenst det surt, på eit vis, kvar gong desse 1217.16 kronene forlet kontoen, to gongar i året. No, vel. Kall meg ein hyklar. Men kva er så problemet?

Problemet er at for ein student er lisensavgifta ein ikkje ubetydeleg sum. Ei slik eingongsbetaling utgjer eit utvilsomt merkbart jafs i det månedlege studentbudsjettet. I tillegg til rein rettferd handlar dette også om å ha legitimitet i befolkninga: har ikkje NRK dét, har vi eit problem. Ein differensiert lisens, med lågare avgift for utvalde grupper, er meir rettvist og vil bidra til at lisenskontrolløren blir betrakta med noko mindre skjelmskheit enn han blei av meg og av mange andre. Det er også strategisk på lang sikt, nettopp fordi det gir auka legitimitet for både kringkastaren og finansieringsordninga.

Eg er ikkje den som kjem til å sete meg på bakbeina eller stemme FrP fordi eg vil privatisere statskanalen. Eg blir gjerne irritert når folk forbannar seg over dei smalare sendingane til NRK. Slik raljering hoppar bukk over NRK si nestan åtti år lange rolle som underhaldar, barnepassar og folkeopplysar, og det hoppar glatt over alle dei tilboda til NRK som dei same raljørane faktisk ofte nyttar seg av. Allikevel så høyrer eg dette ofte nok til at eg er redd det kan representere eit problem. NRK har eksistert og fått lov å berike kongeriket Noreg sidan 1933 - lat oss håpe på mange, mange tiår til.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR