Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Stor organisasjon, store oppgåver


I helga fekk norske studentar ei felles stemme. No er utfordringa å bruke den på rett måte.

Tekst:

Etter elleve år og tre forsøk er Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund omsider samla under ein stor paraply: Norsk Studentorganisasjon (NSO). Det betyr at nesten 200 000 studentar vert representert med ei stemme. Fordelane med å ha ein samla studentorganisasjon er mange. Ei samla studentstemme vil for det fyrste gjere det lettare å legge eit hardare press på regjeringa i saker som angår studentar. Det vil også gjere det lettare å synleggjere studentar som ei sentral gruppe i det norske samfunnet. No gjeld det berre å utnytte dette potensialet.

Fleire har tidlegare vore bekymra for at organisasjonen skal bli stor og tung, og at dette dermed skal gi mindre innflytelse for lokallaga rundt om i landet. Dette er ei bekymring som det framleis er viktig å lytte til. Dei to mislukka samanslåingsforsøka i 2002 og 2007 tyder også på at ikkje alt kjem til å gå på skinner når universitet og høgskular skal samlast. Og for at organisasjonen skal fungere må også NSO tørre å ta opp dei store debattane, sjølv om det er upopulært.

Når jubelrusen etter maratonhelga har lagt seg, ventar det hardt arbeid. NSO har ei stor oppgåve framfor seg: å gjere ein skilnad i Utdannings-Noreg.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR