Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Hepp hepp!


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
NY STUDENT I BERGEN

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK

Velkommen til ein ny by og nye studiar. Anten du kjem fersk frå vidaregåande, eller held fram studiane i Bergen, håpar vi du vil trivast her i byen.

Studvest er Bergens største studentavis, og vi er her for deg. Treng du hjelp i studiekvardagen, er vi det rette mediet. Vi er til for studentane i Bergen, og dekker særleg Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen. Avisa du held i handa er laga spesielt for deg som er fersking i byen, men allereie neste veke er semesterets første vanlege utgåve å finne i dei vanlege stativa. Der finn du oss, fersk frå trykkeriet, kvar einaste onsdag ettermiddag.

Gjennom 60 år har vi levert nyhende, kultur, reportasjar, debattar og humor til studentane i Bergen. Det skal vi halde fram med. Vi håpar at vi kan bli akkurat di avis. Studvest blir finansiert med blant anna di semesteravgift. Bruk oss. Forvent noko.

Vi har tre hovudmål: Først og fremst skal vi vere lokalavisa til studentane i Bergen. Vi skal ha høg kompetanse på utdanningspolitikk. Og ikkje minst: Vi skal informere samfunnet rundt studentane om studentanes kvardag. Slik blir saker du får lese fyrst i Studvest til nye saker i riksmedia.

Men vi trenger hjelp. For å lage ei god avis, er vi avhengig av kontakt med deg som lesar. Kva er det som skjer der ute? Har du opplevd noko artig? Har du opplevd noko mindre artig? Sleng deg på telefonen (55545148) eller send epost til tips@studvest.no. Har du sterke meiningar, er det rom for dei på debattsidene. Er du godt inni faget ditt? Skriv ein kronikk til oss.

Og har du lyst til å halde på med Bergens beste fritidssyssel, er Studvest på jakt etter nye journalistar og fotografar.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR