Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Uforsikra framtid


Medan vanlege arbeidstakarar er forsikra sjølv for snubling i trappetrinn, må studentar ta skulda om dei er uheldige medan dei klatrar opp karrierestigen.

I denne utgåva av Studvest vert det påpeikt at studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) ikkje er forsikra via utdanningsinstitusjonen om det skulle skje dei noko undervegs i undervisninga, på reise eller ekskursjonar. Sjølv ikkje ved Odontologisk klinikk, som i ein oversikt for helse-, miljø- og tryggleik utmerkjer seg med spesielt mange skadar.

Ifølgje seniorrådgjevar ved UiB, Per Gunnar Hillesøy, vert det no jobba med å samle informasjon slik at studentane i større grad skal få innsyn i korleis til dømes forsikringsordningane er i dag. Med andre ord: Dei skal få vete kor dårleg dei faktisk er stilt.

At studentar ikkje er er flinke til å tenkje på forsikringar etter dei flyttar ut av moderheimen, er ikkje noko nytt. Om då ein brann skulle råke, eller tjuvar skulle stikke av med datamaskina, veit dei særs godt at det er lommeboka deira som får svi. Men at det òg er dei som må skrape saman pengar når dei skulle vere uheldige på laboratoriet eller på skuletur, er det garantert mange studentar som ikkje veit om. Universitetet vedkjenner òg at dei ikkje har vore flinke til å informere om dette. Kritikkverdig, men det verste er likevel systemet.

For kvifor er det slik at til dømes dei tilsette ved Odontologisk klinikk er forsikra, men ikkje studentane? Realiteten syner at dei som er under utdanning er den gruppa som kjem dårlegast ut når ulukka først skulle dukke opp. På den andre sida har ein dei tilsette, som har både pengar og støtteordningar som tek dei i mot om noko skulle gå gale. Korleis har det seg at det som er arbeidsplassen til både studentar og tilsette ved UiB i realiteten vert rekna som farlegare for dei tilsette?

Forsikringssituasjonen for UiB er ikkje unik, men gjeld for alle utdanningane i landet. Skal det kome endringar til det betre for studendane, må det difor kome i frå statleg hald. Her trengst nemleg meir enn berre betre informasjonsarbeid. Studentane burde prioriterast likt med dei tilsette.

Makt fordrar ansvar

I årets Studentparlamentsval fekk Studentlisten ytterlegare tre mandat og sit no med heile ni representantar i parlamentet. Dermed har lista, som har blitt kritisert for manglanda politikk, større kontroll enn nokon gong over studentdemokratiet i Bergen. Det er berre å gratulere den framleis ferske lista, som har vunne på å vere eit studentfokusert alternativ til listene med ideologi fundert utanfor lesesalen sine veggar.

Det er all grunn til å tru at Studentlisten sitt gode val kjem som resultat av eit profesjonelt og ryddig arbeid. Samstundes har dei no, ved å få enda større makt, eit auka ansvar for å synleggjere at studentdemokratiet er viktig for studentane. Valoppslutnaden i år var særleg skuffande. Når Studentlisten kan styre nokolunde som dei vil, må dei få gjennomført kampsakene sine. Syner dei seg å vere sitt ansvar verdige, kan kanskje studentane òg verte engasjerte nok til å faktisk røyste ved neste val.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR