Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kommentar.

Kulturpartiet


ILLUSTRASJON: LINN JEANETTE FYLKESNES

Det er frekt av Framstegspartiet å snakke for høgt om kultur.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Christian Tybring-Gjedde, gjorde for ei tid tilbake eit interessant forsøk på å etablere partiet som ein forkjempar for norsk kultur. I ein kronikk i Aftenposten samanlikna han det fleirkulturelle Noreg med ein «draum frå Disneyland» og advara mot ei utvikling som truga med å «rive landet i filler». Arbeiderpartiet og norske ikkje-vestlege innvandrarar er, ifølge Tybring-Gjedde, dei skuldige.

Det ligg sjølvsagt ein ufatteleg ironi i at FrP raljerar omkring kulturbegrepet på denne måten. Stortingsrepresentant for Høgre, Torbjørn Røe-Isaksen, påpeikte, i eit innlegg i Aftenposten like etterpå, det openbare hykleriet i at kulturen Tybring-Gjedde snakkar om er den same han sjølv ikkje vil bruke eit raudt øre på. Det er, for å seie det forsiktig, spesielt at ingen andre har tatt for seg denne elefanten i rommet tidlegare - for det er ein vanvittig elefant.

Tybring-Gjedde sitt omgrep om norsk kultur er rimeleg ullent, men synest å grovt kunne delast inn i to kategoriar. Den første dreier seg rundt ting som demokrati og ytringsfridom, likestilling, menneskerettar og, la meg legge til, minoritetsvern. Dette er så klart ting eg også støttar og som eg sjølv gladeleg innkorporerar i mitt omgrep om det norske. Dette er imidlertid ikkje ting som står for fall, og sjølv om det nok gir FrP ein betydeleg politisk gevinst å hevde at det gjer det, er eg ikkje sikker på om verken Siv Jensen eller Tybring-Gjedde eigentleg trur det sjølve.

Den andre kategorien synest å vere ein slags abstrakt mental konstruksjon om «det norske». Tankane blir ført avstad til lefser og lafting, hardingfele og hesjing av høy. I den grad desse tinga forsvinn frå norsk kultur er det allikevel ikkje fordi ikkje-vestlege, muslimske innvandrarar kuppar den kulturelle definisjonssfæra; det er fordi etnisk norsk ungdom (med norsk-norske beste-, olde- og tipptipp-oldeforeldre) ikkje kunne brydd seg mindre. Kultur er ikkje statisk. Når samfunnet endrar seg, endrar også kulturen seg, og det har den alltid gjort. Dette har sjølvsagt, i kraft av antal gongar det har blitt nemnt, blitt ein klisjé, men det er ikkje noko mindre sant av den grunn.

Men kva dette «norske» eigentleg er har Tybring-Gjedde sjølv problem med å definere, og han kastar det difor hendig inn i ein sekk han kallar «summen av det vi feirar på 17 mai». Slikt udefinert og patosfylt fjas er ofte verknadsfullt overfor mange veljarar. Det er også svært hendig for Tybring-Gjedde å unngå å konkretisere vidare.

For om ein utfordrar partiet på konkrete forslag i forhold til kultur og ser på dei faktiske konsekvensane ein kan vente seg av desse, blir det heile temmeleg skremmande. For kva skjer dersom vi fjernar pressestøtta, stykkar opp og privatiserer NRK, kuttar kunstnarstøtta og krev at alle som produserer kultur skal produsere «for massene»? Kva er det vi står attende med når kultur skal oppretthaldast utelukkande av marknadsmekanismen? Som ytste konsekvens får vi eit kulturelt massetyranni med eit tilbod som både er meir einsformig og som utfordrar mindre. Dersom det er dette som er «summen av det vi feirar på 17. mai» seier eg nei, takk.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR