Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Lett distrahert


 

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

Tilfeldig valt arbeidsdag i april:

07.30: Står opp, med store ambisjonar om ein effektiv dag med oppgåveskriving på biblioteket.

08.30: Spring til bussen.

08.45: Framme på biblioteket, finn meg ein plass.

08.48: Kjøper ein kopp kaffi for å bli meir effektiv. Slår av ein prat med kantinedama. Så møter eg ei venninne eg må prata med.

09.15: Pakkar opp PC og bøker. Må nett sjekka mailen.

09.23: Må nett sjekka Facebook òg. Går gjennom heile framsida for å sjå kva som har skjedd sidan sist eg var innpå.

09.45: Shit. Har vore på biblioteket ein time utan å i det heile tatt gjera noko skulerelatert. Opnar dokumentet med oppgåva mi i panikk.

09.51: Blir sitjande å sjå på folk som kjem og går.

09.55: Ser på oppgåva mi igjen. Må nett sjå om noko har skjedd på Facebook. Ser klokka, og panikken tar meg. Må skriva.

10.32: Fått mail. Må nett lesa den. Kjem på at eg ikkje har sjekka nyhende enno. Må nett gjera det.

11.00: Herregud. Må verkeleg skriva no.

11.20: Sjekkar Facebook igjen. Finn tilfeldig person og går gjennom alle bileta av han.

12.02: Lunsj.

12.50: Ferdig med lunsj. Skal skriva, men berre nett sjekka nyhende først.

13.05: Tar meg sjølv i nakkeskinnet no. Skriv eit par avsnitt.

14.00: Treng ein liten kaffipause og litt sladder.

14.34: Ånei. Alt for lang kaffipause. Opnar dokumentet med oppgåva igjen. Får auge på ein rar person. Blir sitjande og glo.

14.40: Lenge sidan eg sjekka Facebook no. Nokon har lagt ut eit album. Eg går gjennom alle bileta. Så skriv eg eit avsnitt.

15.22: Les gjennom det eg har skrive så langt. Avvekslar med ein liten tur på Facebook.

15.46: Sjekkar db.no og vg.no ein gong til.

16.03: Oppdagar at eg snart må gå. Panikkskriving. Rekk endå ein liten tur innom Facebook.

16.16: Går etter sju og ein halv time på biblioteket. Vel ei side tilført til oppgåva. Nesten to timar brukt på prating. Tre timar brukt på Facebook og ulike nyhendesider. Skamfull går eg til bussen, og lovar meg sjølv at i morgon skal det bli andre bollar.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR