Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kommentar.

Det globale sneversynet


ILLUSTRASJON: KAMILLA ANDERSEN

Den einspora dekninga av utanriksstoff gjev nordmenn eit skeivt og urealistisk bilete av både Noreg og resten av verda.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

12 drepne i bombeangrep i Bagdad. Ny generalstreik i Hellas. Obama på plass i Louisiana. Dagleg får vi nyhende frå USA, Irak, Afghanistan, Israel, Russland, Hellas, Storbritannia, samt resten av Europa. Nyhende om krigshandlingar, politikk og økonomiske kriser sentrerer seg i hovudsak rundt visse land i verda. Land som betyr noko for oss. Land som vi i Noreg reknar som periferien, vert som oftast berre omtala når det har skjedd ei naturkatastrofe eller når nordmenn er involvert i noko kriminelt.

Den selektive dekninga av utanriksstoff har store konsekvensar for nordmenn sitt verdsbilete. For det første vert vi narra til å tru at Norge og nordmenn har ein sentral plass i den store samanhengen. For det andre lurer den selektive dekninga oss til å tru at det vi les om er det viktigaste som foregår i verda. Ingen av desse to tinga stemmer.

I den globale samanhengen har vi som regel lite vi skulle sagt. Vi er eit land i kulissene som likar å vere fredsmeklar utan at det nødvendigvis får så store konsekvensar. Vi er også eit land som majoriteten av verdas befolkning ikkje veit noko som helst om. Når det gjeld nyhendesaker frå det vi ser på som periferien, skjer det ekstremt mykje som vi burde ha sett og lest meir om. Som oftast ser vi ein annan veg.

Det er sjølvsagt meir naturleg at det er fleire saker i norske media om Obama, enn om til dømes maoistopprørarar i India, men fordelinga er heilt ute av balanse. Politiske urolegheiter i India og Kina burde vore viktige diskusjonstema også i Noreg. Økonomiske og politiske strøymingar i andre delar av verda har også betydning for vår kvardag gjennom mellom anna matvareprisar og internasjonale avtalar.

Eit anna slåande døme på den manglande viljen til å prioritere historiske hendingar som har funne stad i «periferien», var presidentvalet i Ghana i 2000. For første gong i Ghana si historie fekk landet ein ny president som var valt gjennom lovlege val og ikkje militærkupp. Ikkje overraskande hamna ein av dei største hendingane i Ghana si historie der slike hendingar ofte hamnar: Trygt plassert i små notisar i norske aviser. Presidentvalet på Filippinene som vart avgjort for ei veke sidan, burde også fått mykje større spalteplass.

Men ansvaret ligg ikkje berre hos avisene og fjernsynskanalane. Sjåarane og lesarane har andre alternativ om dei leitar litt. Det finnast nemleg informasjonskjelder som skriv om periferilanda. Dei er berre ikkje så synlege som VG Nett. Utvidar ein horisonten og les engelskspråklege nettsider som BBC World og The Guardian oppdagar ein fort at det finnast interessante saker om verda der ute som verken handlar om USA, Russland eller Storbritannia.

Heilsvart er det heldigvis ikkje. At uroa i Thailand no blir grundig dekt i norske media, er ei positiv utvikling. Håpet er at dette held fram, slik at norske media dekkjer verda meir i tråd med røynda anno 2010. Held vi fram med å vere så sentrert rundt det vi kallar Vesten og dei landa som USA krigar eller kranglar med, kjem sentrale endringar i andre delar av verda til å gå oss hus forbi.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR