Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Studentmiljøet i gløymeboka


Universitetet tek for gitt at studentane deira trivst utanom studiane.

I ei ny undersøking Universitetet i Bergen (UiB) har gjennomført, kjem det fram at berre seks av ti studentar som har hoppa av studiane har funne seg til rette sosialt på studiet. Same undersøking seier òg at flesteparten av desse forflyttar seg til høgskulane. UiB burde såleis stille seg sjølv spørsmålet: Kvifor?

Det kan seiast beint fram: UiB er ikkje meint for alle. Det er ikkje alle som likar store førelesingssalar og eit teoretisk forankra studium. Likevel gir ikkje dette universitetet noko frikort for å ikkje prioritere det ikkje-faglege.

Nettopp fordi universitetet opererer med masseundervisning på store førelesingar, er det viktig at det er tiltak utanom bøkene. For har ein først kome i prat med andre er det plutseleg meir fristande å kome på lesesalen, på seminargruppe eller å opprette lesegruppe. Kjensla av å kjenne seg som ei lita brikke i det store puslespelet vert i alle fall redusert. Sjølv om studentane absolutt må ta sin del av ansvaret for å ta kontakt med sidemannen på førelesinga, er det ikkje urimeleg å krevje at UiB skal servere studentane meir enn faddervekefyll for å verte kjend med dei andre på studiumet.

UiB-rektor Sigmund Grønmo meiner at ein må rekne med at nokon fell i frå, men når det er snakk om så mange studentar, er det på tide å brette opp ermane og sjå på korleis problemet kan reduserast. Mest urovekkjande er det likevel at Grønmo ikkje vart overraska over det store fråfallet av eigne studentar. Slikt gir grunnlag for å tru at dette har vore eit problem lenge, utan at UiB er spesielt medvitne på den sosiale delen. At universitetet arbeider med å få praksisplassar til studentar på samfunnsfaga er bra. Det gir studentane ein peikepinne på kva som møter dei ute i arbeidslivet. Likevel: I dei verste tilfella vil eit dårleg studiemiljø føre til at òg læringsmiljøet vert dårleg.

For mange studentar er det å studere i Bergen synonymt med universitetet. Slik sett får UiB mykje gratis når det gjeld marknadsføring – merkevara er allereie vidkjend. Men på same måte som at ein i langvarige forhold kan kome til å ta kjærasten for gitt, spørst det om UiB tek dei store studentmassane for gitt.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR