Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kommentar.

Oslo vs. Vestlandet


ILLUSTRASJON: NORA HJELMBREKKE

Ein patriotisk vestlending er like tåpeleg som ein arrogant oslomann.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Kven er best, Oslo eller Vestlandet? Dette har på mange måtar vore det underliggande spørsmålet i Noreg dei siste vekene. Vedtaket om å byggje monstermaster i naturskjøne Hardanger skapte storprotestar langs heile kysten. Underskriftskampanjar, demonstrasjonar og sinte lesarinnlegg gjorde det tydeleg at hovudstaden ikkje kan kome og gjere som dei vil på Vestlandet. Temperaturen gjekk til og med så høgt at Herborg Kråkevik uttalte at ho ville vere med å lenkje seg fast for å få Arbeiderpartiet til å endre kurs. Etter massivt press gjekk regjeringa med på å opne for utreiing av sjøkabel.

Misnøya mot hovudstaden stoppa imidlertid ikkje der. Kort etter presenterte Statistisk sentralbyrå tal som viste at oslofolk i snitt skapar over dobbelt så store verdiar som folk i resten av landet. Og for verkeleg å helle bensin på bålet kom professor Iver B. Neumann på banen og refsa bygdefolket i vest for å «gnåle seg til» goder.

Som vestlending er det lett å riste på hovudet av betrevitande byfolk som Neumann. Sjølvsagt veit vi at det er Vestlandet som forvaltar ressursane. Vi har fisk, olje, skipsverft og møbelproduksjon. Kva meir treng ein?

Sjølvsagt treng eit land meir enn det Vestlandet har å by på i dag. Storting, regjering, departement, hovudkontor til etatar og store selskap ligg stort sett i Oslo, og ingen vil vinne på å flytte dette til nokon anna stad i Noreg. Noreg treng Oslo. Noreg treng Oslo på same måte som Noreg treng Austlandet, Vestlandet, Sørlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Utan alle delane ville Noreg stå igjen med mindre kompetanse og ressursar enn det vi har i dag.

Og det er her den sjølvgode vestlandspatriotismen blir eit problem. Vestlandspatriotismen har nemleg ein tendens til å ese ut som ei gjengløymt bolledeig. Litt stoltheit over kvar ein kjem frå kan vere ok, men i den siste tida har vi sett døme på at vestlendingar trur at dei kan køyre solo. Fleire nikkar ivrig når Herman Friele uttalar at Vestlandet burde bli eit eige land. Kanskje er forslaget ikkje meint heilt alvorleg, men det reflekterer likevel mykje av irritasjonen mot arrogansen på andre sida av fjellet.

For Oslo-arrogansen lever i beste velgåande. Det har Neumann tydeleg vist. Med sitt utsagn om at det ikkje finnast nokon stad i verda der periferien får meir pengar frå hovudstaden enn i Noreg, vart han sjølve personifikasjonen av Oslo-arrogansen. Også forlagsdirektør Anders Heger føyer seg inn i rekkja av personar som meiner Oslo har grunn til å vere høge på pæra. I ein artikkel i Dagsavisen uttalte Heger at Oslo skal og bør ha eit minimum av arroganse fordi det er hovudstaden i landet.

Arroganse gagnar ingen. Det same gjeld patriotisme. Skal Noreg framstå som ein internasjonalt retta nasjon som bryr seg om meir enn kven som skapar mest verdiar i landet, må ein både Vestlands-patriotismen og Oslo-arrogansen til livs. Noreg er eit lite og ubetydeleg land frå før av. Vi treng ikkje dele det i to.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR