Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Synspunkt.

Og så var dei åtte ...


Det vert vanskeleg å få verkeleg gode universitet i Noreg, dersom det skal finnast eitt i alle deler av landet.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

På torsdag vedtok Nasjonalt organ for høgare utdanning at Høgskolen i Bodø oppfyller kriteria for å bli universitet. Det vil seia at me kan få åtte universitet her i landet, og endå finst det fleire som vil vera med i klubben. Høgskolen i Bergen har over lengre tid jobba mot ein universitetsstatus, slik Studvest skreiv sist veke. Det heile verkar som ei strebing mot auka status, som ikkje vil tilføra meir kvalitet til den høgare utdanninga i Noreg. Heller tvert om.

Ein kan argumentera for at Noreg allereie har for mange universitet. I Dagens Næringsliv sist onsdag sa professor Bernt Hagtvet ved Universitetet i Oslo (UiO), at me burde leggja ned universiteta i Agder (UiA) og Stavanger (UiS). Representantar frå UiA og UiS var naturleg nok raskt på bana, djupt såra og vonbrotne. Det er vanskeleg å seia at me burde leggja ned universitet som er etablerte, men dei burde kanskje ikkje fått universitetstatus i utgangspunktet. Og me burde i alle fall ikkje akkreditera endå fleire.

Det er nemleg forskjell på universitet og høgskular. Kort fortalt skal den undervisinga eit universitet tilbyr i mykje større grad enn ved høgskular vera forskingsbasert. Å driva denne forskinga er kostbart, i tillegg til at det krev ein forskingsfellesskap for å få god nok kvalitet. Jo fleire universitet me har i landet vårt, jo meir spreidd vert forskingsmidlane, og jo mindre vert fellesskapane. Me bur i eit lite land, og den menneskelege kapitalen me har gir ikkje grunnlag for sju universitet. Nokon må nøya seg med å vera høgskular. Og det burde ikkje vera noko gale med det. For veldig mange studentar på veldig mange typar utdanningsprogram er høgskuleutdanning det riktige.

Målet vårt i Noreg burde vera å ha best mogelege universitet. Men Hagtvet hevdar i staden at universitetspolitikk er vorte distriktspolitikk, og det kan verka som han har rett. Det verkar som geografisk fordeling er viktigare enn kvalitet, og som om universitet i Noreg er redusert til eit statussymbol, som det vil vera urettferdig om ein region får ha og ein annan ikkje. Det er ein slags sosialdemokratisk tankegang om at det skal vera likt for alle. Men kvaliteten på utdanning burde ikkje avgrensast av likskapsprinsipp. Skal me bli verkeleg gode, må nok somme institusjonar prioriterast over andre.

– UiO er ikkje kjent som eit fantastisk universitet internasjonalt heller, sa leiar for studentorganisasjonen ved UiS i kritikk mot Hagtvet. Han har rett. Men det burde vera målet vårt å få fantastiske universitet. Og då er åtte for mange.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR